Forestilling
Marie Longva Danielsen: Eg slepp ho aldri
Ny norsk dramatikk fra Longva Danielsen! Tre kvinners sterke historier om gråsoner, intimitet og å ta tilbake makta.
Tre unge kvinner fortel kvar si historie. Ei eldre kvinne lyttar. Og dei fortel kvar si historie om menn: Ein relasjon til ein tjue år eldre lærar. Ein besteven som har gjort noko ugjenkalleleg mot ein av kvinnene si litlesyster. Ei kvinne som ikkje lengre ønsker å vere vaksen.
I “Eg slepp ho aldri” blir tre monologar fletta saman. Forteljingar om seksuell vald i gråsona, grenseoverskridingar, og om å ta makta tilbake. Forestillinga dirrar av sinne og frustrasjon, men balanserar det heile med humor.
Teksten er utvikla gjennom Ung Tekst sitt Debutantprogram ved Unge Viken Teater, og var ein av dei tre vinnartekstane under Norsk Dramatikkfestival 2023.
Av Marie Longva Danielsen
Skuespillere: Sacha Slengesol Balgobin, Marie Kallevik Straume, Ingrid Alice Kolnes Aas og
Unn Vibeke Hol
Regi: Marie Longva Danielsen
Musikk av Jon Werede Hope
Koreograf: Sigrid Edvardsson
Dramaturg: Maritea Dæhlin og Hilda Levin
Aldersgrense: 16 år